Framside
|
Treungen Feriehus / Tveitsund fisk og ferie; Gjestehus for overnatting, week-end eller ferie.
Ledig for utleige vinteren 2019.
Kort køyretur til Gautefall eller Kyrkjebygdheia. Ligg idyllisk til like over brua i Treungen Sentrum.
Der er bare 15 km frå Gautefall skisenter.
Huset inneheld stort kjøkken og tre små koselege stover. Det er 6 gode soverom med kaldt og varmt vatn og eit stort felles bad.
Verandaen kom på plass att i 2017, nesten slik den vart bygd då huset var nytt i 1916.
Her er det plass til hyggelege selskap med storfamilien eller gode vener.
Ei god ramme for eit vellukka arrangement/ weekend eller ferie.
Huset kan og leigast som overnatting for ei natt eller to for den som er på reise.
Treungen feriehus er eit nostalgisk hus i sveitserstil, bygd i 1916 som eit av Treungen sine fyrste hotell.
Huset ligg nær Nisser, med fine sandstrender og gode bademogleghetar, egnar seg godt som base for fleire aktuelle ferieopplevingar i nærområdet.
- Jettegrytene
- Sykkelstiar
- Nisserstien
- Fiske i Nisser, Nidelva eller på heia.
- Besøke Z museum.
- Mange merka løyper sommar som vinter
|

|
|
|